Canada på veg mot VM
Canada leier framleis kvalifiseringsgruppa i Nord- og Mellom-Amerika etter 2-0 over Honduras i natt, og er på god veg mot sitt andre fotball-VM. Det første var i 1986.
Men berre eitt poeng bak ligg USA, som slo El Salvador 1-0. USA jaktar revansje etter at dei ikkje kom med i VM i Russland i 2018.
Dei to nordamerikanske naboane møtest i Canada søndag.
Også Mexico ligg an til VM-tur etter 2-1 i bortemøtet med Jamaica i natt. Lenge såg det ut til at dei skulle gå på sitt tredje strake tap, men to mål på dei siste åtte minutta gav meksikansk siger.
Dei tre beste i gruppa går direkte til VM, medan lag nummer fire går vidare til interkontinental kvalifisering. Den plassen har Panama, trass 0-1 mot Costa Rica i natt.