Mageinfeksjon held Solstad ute mot Spania
Linjespelar Thomas Solstad går glipp av den viktige kampen mot Spania i mellomrunden av handball EM grunna ein mageinfeksjon. Det kunne landslagssjef Christian Berge stadfeste på ein presseseanse i forkant av kampen.
– Solstad har fått magesjuke, og står over kampen, seier Berge.
Alle dei norske spelarane bur på einerom i Bratislava, og Solstad får oppfølgjing der.
På den same seansen kunne Berge også stadfeste at alle dei norske koronatestane kom tilbake negative, og at alle dei øvrege spelarane vil vere tilgjengelege til den nest siste kampen i EMs mellomrunde.