Fekk det tøft i VMs generalprøve
Noreg møtte tøff motstand i deira siste oppkøyringskamp før handball-VM, då Russland kom på besøk til Åsane Arena.
For der Kristine Breistøl i løpet av det første kvarteret hamra inn tre skåringar, svarte Russlands Elena Mikhaylichenko med dei same siffera.
Og inn mot pause fekk Russland eit lite overtak, då Noreg gjorde tekniske feil framover, og målvaktsduoen Silje Solberg og Katrine Lunde ikkje gjorde ei einaste redning i den første omgangen. Dermed gjekk Russland til pause med ei 15–12-leiing.
Men det forspranget forsvann raskt i den andre omgangen, når Lunde byrja å notere seg for redningar, samtidig som Camilla Herrem haldt fram med å skåre som ho har gjort gjennom oppkøyringa.
Det såg ut til at kampen skulle ende uavgjort, men tre sekund før slutt skåra Russland det avgjerande målet, då dei vann 29–28.