Slo tilbake mot Nederland
Skip Steffen Walstad og Noreg slo tilbake etter to strake tap i curling-EM på heimebane. Onsdag vart Nederland slått 5–2.
Grunnlaget for sigeren vart lagt med to norske poeng i både andre og tredje omgang i Håkons hall i Lillehammer. Deretter følgde det tre poenglause omgangar.
Nederland fekk inn to reduseringar på tampen, men gav likevel opp kampen på 2–5 etter den niande omgangen.
Walstads lag har vunne fire av sju kampar så langt.
Neste oppgjer er mot Finland onsdag. Skottland er siste motstandar i grunnserien torsdag.
Noreg ligg på ein delt tredjeplass. Dei fire beste etter ni rundar går til EM-semifinalar. Skottland står med full pott og er allereie kvalifisert for meir spel i titteljakta.