Hovland i tet etter kjemperunde
Viktor Hovland leverte nok ein knallsterk runde i golfturneringa i Mexico, og var åleine i teten då han var ferdig.
Men fleire av konkurrentane var enno ikkje ferdige med runden.
Nordmannen, som er tittelforsvarar i turneringa, gjekk runden på ni birdiar og ingen bogey. Med 9 under par laurdag, er han 19 slag under par samanlagt.
Det er ekstra imponerande fordi han har spela med lånt driver, etter at hans eigen blei øydelagd onsdag kveld, dagen før turneringa starta.
– Eg er glad over å ha trassa motgangen. Eg har halde meg til planen og har hatt suksess med det, sa Hovland etter runden laurdag.
– Sjølv om det er ei uvan kølle, har eg slått rett.
Torsdag fullførte han på minus 4, fredag på minus 6 trass ein dobbelbogey.
Amerikanske Talor Gooch er nummer to, to slag bak Hovland. Justin Thomas er på tredje, tre slag bak.
Turneringa i Mayakoba ved breidda av Det karibiske hav har ein førstepremie på nesten 1,3 millionar dollar.