Mister 21 kampar etter vaksinejuks
NHL-spelaren Evander Kane er utestengd i 21 kampar, eller drygt ein firedel av grunnspelsesongen, etter å ha brote covid-reglane.
Det var ligaleiinga som fastsette straffa for San Jose-spelaren.
NHL har ikkje gått i detaljar om kva regelbrotet går ut på. Men fleire media har meldt om at Kane skal ha skaffa seg eit falskt vaksinesertifikat.
Spelaren sjølv legg seg paddeflat, og ber klubben, lagkameratane og fansen om orsaking.
– Eg gjorde ein feil som eg tek alt ansvaret for. Eg skal bruke suspensjonstida til å lære meg å ta betre avgjerder, seier forwrden, som var klubbens støreste poengsankar i fjor med 22 mål.
Ifølgje nyheitsbyrået AP mister han 1,68 millionar dollar i løn. Han er tilbake på isen 30. november.
Koronavaksine er ikkje eit krav for NHL-spelarar, men uvaksinerte må følgje ein strengare protokoll.
I tillegg kan Canada nekte uvaksinerte spelarar å kome inn i landet for å spele kampar der.