Helland-Larsen overraska alle
Fossum-løparen Thomas Helland-Larsen synte musklar og tok ein knallsterk siger i rulleskirennet Tryvann Opp. 23-åringen parkerte verdsmeister Hans Christer Holund og resten av feltet.
Holund kom i mål 15 sekund bak, etterfølgt av Gaute Kvåle som nådde mål 21 sekund bak vinnaren.
– Det var tungt undervegs, men feitt å få dei svara man ville ha. Eg hadde mål om å henge med, men det kjendest bra ut heile vegen, sa Helland-Larsen til NRK.
Holund lét seg også imponere av sprintaren.
– Veldig sterkt. Hadde vedda mykje på at han ikkje skulle slå meg i dag. Det er gøy å sjå at han har tatt ordentlege steg.