Zlatan tilbake før sin 40-årsdag
Zlatan Ibrahimovic skal vere kampklar etter kneskaden som stoppa han frå å spele EM for Sverige.
Bilete lagt ut på Milans twitterkonto viser Ibrahimovic i full trening onsdag. 39-åringen skadde seg mot slutten av førre sesong. Det gjorde at han ikkje kunne delta i europameisterskapet.
Sky Sport Italia skriv at Ibrahimovic skåra to gonger i ein internkamp på treningsanlegget Milanello denne veka. Gazzetta dello Sport melder òg at svensken er tilbake i slag.
Milan spelar seriekamp mot Lazio 12. september. Det er tre veker før Ibrahimovic fyller 40 år. Det skjer 3. oktober.