USA tok bronsen i målfest
Turneringsfavoritt USA slo tilbake etter det skuffande semifinaletapet for Canada, og tok bronsen i ein målfest av ein kamp mot Australia.
USA vann 4-3, etter to mål kvar av stjernene Megan Rapinoe og Carli Lloyd.
Rapinoe opna scoringane etter åtte minutt, men Sam Kerr utlikna etter 17.
Rapinoe gav USA leiinga tilbake like etter. Lloyd la på til 3-1 for USA på overtid av omgangen, og til 4-1 seks minutt ut i andre omgang.
Så kom Australias innspurt. Caitlin Foord reduserte berre tre minutt etterpå, og Emily Gielnik reduserte ein giong til i det klokka passerte 90 minutt. Australia pressa sterkt for utlikning, men USA heldt unna.