Australia rysta USA-stjernene
USA sleit lenge med Australia i semifinalen i basket, men kom sterkt mot slutten og vann så klart som 97-78. Kevin Durant blei toppscorar med 23 poeng.
– All kreditt til Australiua, dei kom ut for å slå oss, sa Durant.
– Eg trur dei gav alt for å trykke oss ned tidleg og håpe vi skal få panikk. Men det fekk vi ikkje. Vi kom ut til det tredje kvarteret med ein fantastisk energi for å kjempe, la han til.
For Australia opna sterkt og leia ein perode med 15 poeng. Etter første kvarter stod det 24-18 til Australia, og litt ute i det andre var leiinga auka til 41-26. Men ved halvtid hadde USA redusert forspranget til 45-42.
Andre del av kampen blei ein amerikansk maktdemonstrasjon. Spesielt i tredje kvarter, som dei vann med 32-10, og avgjorde kampen med det.
Finalemotstandar blir enten Frankrike eller Slovenia, som spelar sin semifinale seinare i dag.
USA har teke basketgullet i seks av dei siste sju olympiske leikane. Berre i Athen i 2004 snubla dei.
Totalt har USA teke gullet i 15 av dei 19 olympiske basketballturneringane som er avvikla. Berre Argentina (2004) og dei no oppløyste nasjonane Sovjetunionen (1988 og 1972) og Jugoslavia (1980) har brote sigersrekkja.