Første medalje på 41 år: - Mirakel
Den gamle landhockey-stormakta India sikra seg sin første OL-medalje i denne idretten på 41 år med 5-4 over Tyskland i bronsefinalen.
Alle indiske måla blei scora av Singh: Simranjeet Singh (2), Hardik Singh, Harmanpreet Singh og Rupinder Pal Singh.
Kjenslene var sterke etter at medaljen var sikra. Gamle stjerner frå tidlegare glansdagar let tårene trille der dei sat heime i India og følgde kampen.
– Det er eit mirakel. Dette er ei ny byrjing for indisk hockey. Det vil gi nytt liv til idretten vår i heile landet, sa Zafar Iqbal, ein av spelarane på laget som tok gull i OL i Moskva i 1980.
Av Indias ni OL-gull gjennom tidene, har åtte kome i landhockey. Men det tek til å bli lenge sidan. Dei vann seks strake frå 1928 til 1956, og igjen i 1964 og 1980.
Men etter det har dei ikkje teke ein einaste medalje i denne idretten. Før no, 41 år seinare.
Dei har sjanse til å doble medaljefangsten, ettersom også kvinnelaget skal i bronsefinale. Dei møter Strorbritannia fredag. I kvinneklassen har India aldri teke medalje.
Mennenes finale går mellom Belgia og Argentina seinare i dag. Kvinnefinalen fredag er mellom Argentina og Nederland.
Det var Indias fjerde medalje i Tokyo-OL. Dei har aldri teke meir enn seks, eit resultat dei oppnådde i London i 2012.