Vil halde fram med kneling før kamp
Spelarar frå alle 20 klubbane i Premier League i England kjem til å halde fram med å gå ned på kne før kampane, i protest mot rasisme.
Det gjeld også spelarane i nyopprykka Brentford. Dei melde i februar at dei ikkje lenger ville knele, fordi dei meinte det ikkje hadde nokon effekt lenger. Men ifølgje BBC er også dei innstilte på å gjere det no.
Ligaleiinga seier at dei støttar spelarane heilhjarta. I tillegg skal spelarar og dommarar bere eit emblem med teksten "No room for racism".
Klubbane innførte kneling frå sesongstart i fjor, til støtte for rørsla «Black Lives Matter».
– Det er viktigare enn nokosinne å knele som eit symbol på at vi står samla mpt all form for rasisme, seier spelarane i ei pressemelding.