Luftig ny OL-idrett i gang
Klatring er ein heilt ny idrett på OL-programmet i år, og tysdag møtte dei mannlege deltakarane veggen for første gong.
Det blir konkurrert samanlagt i tre greiner: Boulder, speed og lead.
I speed skal utøvarane klatre opp ein 15 meter høg vegg raskast mogeleg. Boulder inneber å ta seg fram fire korte ruter på veggen, utan tau. Lead betyr å klatre så høgt som mogeleg på ei gitt tid.
Ikkje alle er like glade for formatet i OL-konkurransen, som er blitt karakterisert som eit samansurium av greiner.
– Nesten alle er spesialistar i ei av greinene, så det er vanskeleg å gjere det godt i alle. Det finst så mange typar klatring at å kåre nokon som den beste i verda, nærmast er tøv, seier sportens største stjerne, tsjekkiske Adam Ondra.
– Men den som vinn, er likevel best den dagen, og vil bli den første olympiske meister. Det er noko ingen kan ta frå deg, legg han til.
Han bomma litt i speed, men gjorde det greitt i dei to andre greinene, og er nummer fem. Franske Michael Mawam vann kvalifiseringa.
Dei åtte beste går til finalen torsdag. I morgon skal kvinnene gjennom kvalifisering.