Jacquelin braut handa i Sirdal
Den franske dobbel-verdsmeisteren Émilien Jacquelin fall på sykkel under trening i Sirdal, og pådrog seg eit brot i spolebeinet, fremst i armen, melder sportavisa L'Equipe.
Han blei teken hand om på det lokale sjukehuset, der han blir operert i morgon. Deretter reiser han heim til Frankrike så raskt som råd.
Han kan ikkje trene på ski på fire til seks veker, skriv avisa.
Émilien Jacquelin tok gull på jaktstarten i VM både i år og i fjor, og var også på laget som tok gull i stafetten i fjor. Han har også tre VM-bronse frå dei to siste åra.