Ingebrigtsen-konkurrent med OL-form
Ingebrigtsen-konkurrent Mohamed Katir leverte ei knallsterk avslutning på 3000 m og sette spansk rekord med 7.27,64 i Diamond League-stemnet i Gateshead i kveld.
23-åringen var med det berre eit sekund bak Europa-rekorden og eit drygt halvsekund bak Jakob Ingebrigtsens personlege rekord på distansen.
Elles var det langt mellpom dei gode resultata i stemne, som for mange var generalprøven før OL. To øvingar gav likevel årsbeste: Amerikanske Kate Grace sprang ei engelsk mile på 4.27,20, og Storbritannias herrelag sprang 4 x 100 m stafett på 38,27.
Det var stilt store forventingar til tyske Johannes Vetter i spyd. Han vann då også klart med eit kast på 85,25 i finaleomgangen. Men det var langt bak 96,29, som han kasta for halvannan månad sidan.
USAs Tryvon Bromell var den einaste som kom under 10 blank på 100 meter. Han fekk 9,98 og var suveren.
Isaiah Harris vann 800 m på 1.44,76, britiske Cindy Sember 100 m hekk på 12,69, og jamaicanske Ronald Levy 110 m hekk på 13,22.