Stortap for Aalborg i finalen
Danske Aalborg med norske Sebastian Barthold på laget har gjort furore i meisterligaen i handball for menn denne sesongen, og slo sjølvaste Paris Saint-Germain i semifinalen.
Men i finalen mot Barcelona søndag blei det stortap med 36-23.
Aalborg opna sterkt, og leia 5-2 etter seks og eit halvt minutt.
Men så rakna det. Åtte minutt seinare hadde Barcelona scora sju strake og leia 9-5. Katalanarane såg seg aldri tilbake. Ved pause leia dei 16-11, og avstanden berre auka i andre omgang.
Barthold scora tre av Aalborgs mål. Men det er lite truleg at han blir teken ut til OL.
– Det er fantastisk at vi har ein så god spelar som mest truleg ikkje kjem til OL. Men det gir samstundes veldig tryggleik i forhold til framtida på venstrekanten, seier NRKs handballekspert Håvard Tvedten.
PSG tok tredjeplassen etter 31-28 over Nantes.