Qatar: - Kritikk er «feilplassert»
Norsk fotball fekk ny fart på protestane mot VM i Qatar neste år. Arrangørlandet meiner kritikarane bommar med misnøya.
– Vi støttar forbund og spelarar som nyttar høvet til å ta kampen for menneskerettar. Kritikken deira av VM i 2022 er likevel feilplassert. Eg trur det er mange som ikkje har fått med seg alle endringane Qatar har gjort, seier sjeik Thamer Al-Than til det tyske nyheitsbyrået DPA.
I februar vart det på nytt sett søkjelys på situasjonen til framandarbeidarane i Qatar.
Avsløringa førte til at mange norske fotballklubbar – med Tromsø i spissen – kravde norsk boikott av 2022-VM. Det blir eit tema på eit ekstraordinært NFF-ting 20. juni.
Boikottkravet fekk mykje internasjonal merksemd. I mars sette det norske fotballandslaget i gang ei protestmarkering som spreidde seg til fleire europeiske land.