Verdas eldste seier fakkel-nei
Den eldste personen i verda, Kane Tanaka, har trekt seg frå fakkelstafetten i Japan. 118-åringen er ved god helse, men måtte ha vore to veker i karantene etterpå. Det ønskjer ho ikkje, seier arrangøren.
Tanaka skulle etter planen ha bore fakkelen i sin heimby Shime i Fukuoka-provinsen, saman med andre frå hennar familie, ifølgje insidethegames.com.
Ho ville ha blitt den eldste som nokon gong har bore den olympiske flammen. No er det Shigeko Kagawa (109), som bar flammen for ein månad sidan, som er den eldste, og som slo rekorden til 107 år gamle Aida Mendes i Rio i 2016.