Narvik tek nedrykkssaka til retten
Narvik Hockey går til sivil rett for å få lov til å spele i eliteserien også neste år.
– Å få norsk rett til å vudere forbundet sin handlemåte i saka, vil vere det beste for norsk ishockey, seier styreleiar Terje Feragen i ei pressemelding frå klubben.
Dei krev å få spele i eliteserien neste sesong også. Dersom klubben ikkje vinn fram med kravet, vil det bli reist erstatningssak mot Norges Ishockeyforbund.
Både styret og ankeutvalet i ishockeyforbundet har tildgeare bestemt at klubben skal rykke ned etter årets sesong, som ikkje blei fullført etter planen.
Narvik enda nest sist, men blei likevel dømd til nedrykk fordi dei hadde lågare gjennomsnittspoeng enn Grüner. Det var det forbundet la til grunn. Det meiner Narvik blir feil.
Norsk Topphockey hadde gått inn for å løyse floken ved å auke talet på lag i eliteserien, men fekk ikkje forbundsstyret med seg.