Sverige ber FIFA reagere mot Qatar
Det svenske fotballforbundet (SvFF) har sendt brev til FIFA der dei ber om reaksjonar mot Qatars utnytting av gjestearbeidarar under arbeidet med førebuing av fotball-VM 2022, melder SVT.
Sverige ber om at FIFA brukar makta si for å endre dette, og det raskt. SvFF ber om eit møte med FIFA. 6500 gjestearbeidarar ha mista livet i samband med dette arbeidet sidan Qatar fekk tildelt VM for ti år sidan.
– Då var utnyttinga av gjestearbeidarar i landet allereie velkjent, og det har halde fram. SvFF er av den oppfatning at tildelinga av VM til Qatar var feil, skriv forbundet.
SvFF har vitja landet tre gonger sidan 2016 for å prøve å påverke situasjonen, ifølgje brevet, som er underskrive av presienten og gneneralsekretæren i forbundet.