Nytt meisterligaformat med 36 lag
UEFA vedtok i dag formatet på meisterligaen i fotball frå 2024.
Vedtaket kom berre eit halvt døgn etter at 12 av dei største fotballklubbane til kontinentet annonserte planane sine for ein felles utbrytarliga.
Dette er hovudtrekka i det nye Champions League-formatet:
* Turneringa blir utvida til 36 lag som møtest i ei stor gruppe. Det er med andre ord ikkje snakk om grupper med fire lag lenger.
* Alle lag skal spele ti kampar i gruppespelet (fem heime og fem borte).
* Dei åtte beste laga etter gruppespelet kvalifiserer seg direkte for åttedelsfinale.
* Laga som endar på plass 9 til 24, møtest i åtte omspelskampar, der vinnarane går til åttedelsfinale. Taparane rykkjer ned i Europaligaen.
* Dei 12 laga som endar sist i det 36 lag store gruppespelet, er eliminerte.
* Det vil bli spelt kampar tysdag, onsdag og torsdag i enkelte rundar.
Dei to klubbane som speler seg fram til finale,n vil ha spelt 17 kampar i turneringa, mot 13 i dag.