Zlatan «svært nær» ny kontrakt
– Berre detaljar står att før Zlatan Ibrahimovic signerer ny kontrakt med Milan, seier klubbdirektør Paolo Maldini.
Svensken, som fyller 40 i oktober, har kontrakt ut sesongen, men med opsjon på forlenging til sommaren 2022. Det er denne opsjonen som no treuleg blir ein realitet.
Han får hovudæra for å ha gjort Milan til ein tittelkandidat sidan han kom tilbake til klubben i januar i fjor. Han er toppscorar med 15 mål på dei 16 kampane han har spela denne sesongen.
Men i kveldens kamp mot Parma fekk han raudt kort etter ein times spel, for kommentarar mot dommaren.
Milan har ikkje vunne Serie A sidan 2011, då også med Ibrahimovic på laget.
Milan er nummer to på tabellen, 11 poeng bak byrival Inter før dagens runde.