Boikottar sosiale media i ei veke
Den engelske Championship-klubben Swansea boikottar sosiale media i ei veke, for å unngå overgrep, hets og rasistiske meldingar, skriv klubben på si nettside.
Det inneber at ingen spelarar på herrelag, kvinnelag eller juniorlag, eller klubbens offisielle kontoar på YouTube, Twitter, Facebook, LinkedIn, TikTok osv skal publisere noko som helst den neste veka.
– Fleire av spelarane våre har blitt utsette for ufyselege meldingar i dei siste vekene. Tre av dei har fått sterke rasistiske meldingar. Vi meiner det er rett å ta ein fast avstand frå slik oppførsel, skriv Swansea.
– Vi er ein familie, og vi skal stå skulder ved skulder for å kjempe mot dette. Nok er nok.
Nyleg kunngjorde den tidlegare franske stjerna Thierry Henry at han ville halde seg unna sosiale media på grunn av hets og rasistiske meldingar.