Bortekamp nr. 21 utan tap
Manchester United spela sin bortekamp nummer 21 i ligaen utan tap, men skuffa likevel med berre 0-0 mot Crystal Palace.
United hadde det meste av spelet, men skapte likevel få sjansar. Dei største kom i opningskvarteret. Så slokna United.
Palace kunne ha tatt alle poenga då Patrick van Aanholt var heilt åleine gjennom på overtid, men keeper redda.
– Skuffande. Vi var ikkje nok på. Vi var gode ei lita stund før pause, men kom aldri i gang i andre omgang. Vi gav bort ballen altfor lett, sa Solskjær til Sky Sports.
United er på andreplass, men er 14 poeng bak byrival City. Komande helg skal dei to Manchester-klubbane møtest.
– Då må vi vere mykje betre enn vi var i kveld, sa Soslkjær.