Vurderer å kutte tre EM-byar
UEFA ønskjer å kunne fylle halvparten av tribunene under fotball-EM i juni og juli. Derfor truar dei med å kutte ut tre av dei 12 planlagde vertsbyane, melder nyheitsbyrået AP.
Det er Bilbao, Dublin og Glasgow som er i faresonen, fordi desse landa ikkje kan gi gode nok lovnader om at det kan la seg gjere.
England derimot ønskjer fleire kampar etter at statsminister Boris Johnson meier det er gode sjansar for at restriksjonane kan lettast før EM. Men i Skottland er dei lokale styresmaktene mykje meir restriktive.
I Irland er det forbod mot publikum på tribunene fram til 5. april, og UEFA har ikkje fått signal om at det kan bli oppmjukingar.
I Spania er det lokalpolitikarane i Baskerland som er negative til å sleppe inn publikum.
Også Irland har så strenge restriksjonar at UEFA truleg ikkje tek sjansen, seier kjelder AP har hatt kontakt med.
UEFA vil ha eit revidert EM-opplegg klart seinast i april. Opningskampen skal etter planen gå i Roma 11. juni, etter at meisterskapet blei utsett frå i fjor på grunn av koronaepidemien.