Norsk andreplass i stafett
Noreg enda på andreplass i skiskyttarstafetten i Oberhof, 4,2 sekund etter Frankrike.
Johannes Dale på andre etappe måtte ut i ein strafferunde etter liggande. På dei andre skytingane brukte Noreg eitt ekstraskot totalt. Brørne Bø på dei to siste etappane hadde fire feilfrie skytingar.
– Det er klart det er godt at det ikkje blir eit heilgalent resultat når ein drit seg ut, seier Dale.
Han var ekstremt skuffa over seg sjølv etter runden, og forstod ikkje kvifor han ikkje fekk det til å stemme på skytinga.
Johannes Thingnes Bø gjekk ut på siste runde 23 sekund bak Frankrike, men greidde ikkje heilt å hente inn alt.
– Det var veldig morosamt, men vi hadde aldri skothald til seier. Det vart meir spennande enn eg trudde, og eg prøvde, men det mangla litt, seier Thingnes Bø.