Store endringar i Eliteserien
Tysdag blei kampplanen for dei siste serierundane i Eliteserien offentleggjort.
Noregs fotballforbund har i samarbeid med Norsk Toppfotball, Fotball Media og Discovery Networks komme fram til ein plan som skal gjere det mogleg å gjennomføre alle kampane før jul.
Det vil seie at:
* Det vil bli ein strammare tidsplan med midtvekekampar
* Stor fleksibilitet når det gjeld bruk av reservearena og haller
* Tid til to dagar med trening etter karantene
* Berre siste serierunde går samstundes mot normalt dei to siste
* Tre netter mellom kvar kamp (tre netter på heimstad)
– For Eliteserien flytter vi fram kampane og tar i bruk midtvekene framover. Det inneber midtvekekampar onsdag 2. og 9. desember med unntak av ein kamp torsdag 10. desember. Med dette er vi ferdig med nest siste serierunde 10. desember for dei fleste klubbane, seier leiar av konkurranseavdelinga Nils Fisketjønn.
Siste serierunde vil bli spelt laurdag 19. desember.
– I tillegg til at vi blir ferdig med fleire kampar noko tidlegare enn planlagt, opnar dette for å gjennomføre utsette kampar viss vi skulle vere så uheldig å få smitte inn i laga, seier Fisketjønn i pressemeldinga.