Helikopter kan ha forårsaka velt
Dagens fjerde etappe av Giro d'Italia blei ein skandale. For med 800 meter igjen blei Luca Wackermann og Etienne van Empel blåst av garde av eit gjerde. Årsaka skal ha vore at eit helikopter skal ha floge for lågt, og dermed blåst dei oppsette gjerda inn i dei to ryttarane. Van Empel kom seg til mål, medan Wackermann blei liggande livlaus. Han skal ha kome til hektene igjen i ambulansen. Arnaud Démare vann dagens etappe etter ein millimeterduell med Peter Sagan.