Tap for Beckhams klubb i MLS
Med eit mål sju minutt på overtid vann Orlando 2-1 over David Beckhams Inter Miami då den amerikanske fotballigaen MLS starta opp igjen etter ein 17 veker lang koronapause.
Før kampen inntok nærmare 200 spelarar bana for åtte minutt og 46 sekund stille, og iført masker, som markering av George Floyds dødsfall og av korona-epidemien.
Også Chicago og Nashville skulle ha spela kamp i natt. Men Nashville måtte trekke seg fordi fem spelarar viste seg å vere korona-smitta.
Det blir derfor spekulert i om også Nashville må trekke seg, slik Dallas gjorde for nokre dagar sidan.