Ingen korona-frykt etter VM
Skiskyttarlandslaget har ikkje sett seg nøydde til å gjere ekstra tiltak rundt tiltak korona-smitte etter VM i Anterselva. VM-byen ligg i Nord-Italia, men ikkje i områda som er mest utsett for smitte. Ingen i den norske troppen har blitt sjuke i etterkant av VM, opplyser Ragnar Hagen, leiar for landslagets helseteam til NRK.
Han seier det ikkje var noko tema under meisterskapet, og dei har heller ikkje sett behov for å teste utøvarar og støtteapparat etter at dei kom heim frå VM i Anterselva. Skiskyttarane reiser til Tsjekkia og Nove Mesto tidleg neste veke, og det skal ikkje vere fare for arrangementa der.