Norsk kollaps på siste skyting
Både Marte Olsbu Røiseland og Ingrid Landmark Tandrevold skaut om sigeren på fellesstarten i Pokljuka, men fekk to bom på siste skyting.
Dermed vann svenske Hanna Öberg framfor italienske Lisa Vittozzi som skaut 20 treff. Det gjorde også Anaïs Bescond frå Frankrike som fekk tredjeplassen.
Røiseland hamna til slutt på sjetteplass, medan Tandrevold måtte nøye seg med 8.-plassen.
Dorothea Wierer hamna på 9.-plass, og klarte difor ikkje å ta over leiartrøya i verdscupen frå Tiril Eckhoff som stod over løpet på grunn av mild sjukdom.