Dobbelt norsk i kvalifiseringa
Johann André Forfang og Daniel-André Tande sørga for dobbelt norsk under kvalifiseringa i Nizjnij Tagil i Russland fredag. Forfang svevde 130 meter og var med det best, 6,2 poeng føre Tande. Alle dei fem nordmennene kvalifiserte seg til hopprennet på laurdag.