Trur Haaland blir i Salzburg
Brennheite Erling Braut Haaland er blitt kopla til storklubba over heile Europa etter suksessen i Salzburg. Men trenar Jesse Marsch trur nordmannen held fram i den austerrikske klubben. – Det er heilt normalt at det oppstår rykte rundt ein slik spelar. Vår plan er at han blir av oss, seier trenaren til nyheitsbyrået APA. Ifølgje britiske The Guardian skal heile 20 klubbar ha jærbuen høgt på ønskelista, mellom annan Juventus. Haaland er toppscorar i den austerrikske ligaen med 22 mål på 15 kampar og toppscorar i meisterligaen.