Dürr utestengd på livstid
Den austerrikske tidlegare langrennsløparen Johannes Dürr er utestengd på livstid for si rolle i eit doping-nettverk gjennom fleire år.
Det var Austerrikes antidoping-komité som kunngjorde dette i dag.
Dürr blei utestengd frå Sotsji-OL i 2014 for bruk av EPO. Sist vinter var han varslar for Operasjon Aderlass, som avslørte eit dopingnettverk gjennom rai under ski-VM i Seefeld, der 21 personar i fem idrettar blei tekne for å vere involverte.
Dürr blei utestengd i to år etter Sotsji-avsløringa. No har alle hans resultat sidan 2014 blitt annullert.
Dürrs lagkameratar Max Hauke og Dominik Baldauf, saman med syklistane Georg Preidler og Stefan Denifl er utestengde i fire år for medverknad i dopingringen.