Tyfon-trøbbel for rugby-VM
Tyfonen Hagibis skaper bølgjer for VM i rugby, som går i Japan i desse dagar.
Kampane England - Frankrike og New Zealand - Italia, som skulle vore spela laurdag, er avlyste.
Kampane søndag er også i faresonen.
Avlyste kampar blir sett til 0-0 og to poeng til kvart lag. Det betyr at både England og Frankrike går til kvartfinale utan å spele.
Hagibis er den sterkaste tyfonen som treffer Japan i år. Vinden kan kome opp i 200 kilometer i timen og føre med seg opptil 500 milimeter regn.
Også formel 1-løpet Japan Grand Prix kan vere i fare. Det skal gå søndag, med kvalifisering laurdag. Ei endeleg avgjerd blir teken fredag.