Mol og Sørum slått ut
Anders Mol og Christian Sørum er ute av verdsseriefinalen etter at dei vart slått ut verdsmeistrane Oleg Stojanovskij og Vjatsjeslav Krasilnikov frå Russland. Nordmennene vann det første settet 21-18, men russarane kom sterk tilbake og vann dei to siste setta 21–18 og 15–9. Dermed må nordmenne kjempe om tredjeplassen på søndag.
– Eg var tom i dag. Prøvde å mobilisere og spelte ikkje ein god kamp i dag. Er veldig misnøgd med eigen innsats. Eg trur ikkje eg har ete nok, sa Anders Mol til NRK etter kampen.