Leclercs første formel 1-siger
Stortalentet Charles Leclerc frå Monaco heldt unna og tok sin aller første VM-siger i formel 1 i belgiske Spa. Han sikra også Ferraris første siger for sesongen.
Lewis Hamilton tok sterkt innpå på den siste runden, men mangla eit knapt sekund på å gå forbi.
Samanlagt auka likevel Hamilton leiinga i VM-samandraget, fordi nærmaste konkurrent Valttieri Bottas tok tredjeplassen. Sebastian Vettel blei nr 4.
Max Verstappen måtte bryte, og fall frå 2. til 3.-plass i samandraget.
Leclerc dedikerte sigeren til formel 2-køyrar Anthione Hubert, som omkom i ein krasj i løpet på same bana i går. Av same grunn var det eitt minuts stille før start, og førarane køyrde med sørgeban på armen.