Virgil van Dijk årets spelar
Liverpool-spelaren van Dijk er av UEFA kåra til årets spelar. Den nederlandske forsvarsspelaren var nominert saman med Christian Ronaldo og Lionel Messi. 28-åringen har mellom annan vunne meisterligaen i år med Liverpool. Det er første gong ein nederlendar har vunne prisen. Han fekk også prisen for årets forsvarsspelar i Europa. Lagkamerat Alisson Becker vart kåra til årets målvakt. Den 22-år gamle Frenkie de Jong frå Ajax fekk tittelen som årets midtbanespelar. Medan årets angrepsspelar vart argentinaren Lionel Messi på Barcelona.