Folkerøysting om OL i Calgary
Det blir folkerøysting om Calgarys søknad om OL 2026. Det er klart, sjølv om bystyret i natt med 8 mot 7 røyster gjekk inn for å trekke søknaden, etter ein over åtte timar lang debatt.
Fleirtalet var ikkje stort nok, derfor skal veljarane avgjere spørsmålet 13. november.
Calgary var vert for vinter-OL i 1988.