Han showa og vinka til publikum undervegs, Mo Farah. Ved passering 4000 meter sprang han forbi heile feltet på utsida og vinka, og fekk enorm applaus tilbake frå heimepublikum.
– For ein måte å avslutte karrieren på. Det gjer meg stolt å vere britisk. Det har vore ei lang reise, sa ein rørt Farah.
– Men det var ikkje noko lett løp, la han til.
Fire rundar før mål tok han teten for første gong, men han var heile tida trua av kenyanarane.
Publikum heldt pusten då han to gonger i siste runde trakka på lista og heldt på å snuble. Men han tapte ikkje noko på det. Og på den siste langsida kunne ingen halde følgje med
Mo Farah (34) tok sitt OL- og VM-gull nummer ti i sitt nest siste løp. Tida vart 26.49,51, snaue tre sekund bak hans personlege rekord og den nest beste vinnartida i eit VM nokosinne.
Joshua Kiprui Cheptegei frå Uganda tok sølv og kenyanske Paul Kipngetic bronse.
Etterpå blei han hylla av dei 55.000 på tribunane då han tok med seg kona og barna på æresrunden.