Should I stay or should I go?
Tungvektsmeister Tyson Fury greier ikkje å bestemme seg for om han skel gi seg. Tidlegare i dag sa han til Sky Sports at no var det slutt. Men i to twittermeldingar i ettermiddag seier han at han likevel held fram. «I'm here to stay», tvitra han.
Fury testa positivt for kokain tidlegare i haust. I fjor tok han fire VM-titlar frå Vladimir Klitsjko, og dei to skulle ha møtt kvarandre i ein returkamp. Men Fury har utsett den to gonger, og mister truleg titlane.