London-prøver innan ei veke
Innan ei veke skal dei re-analyserte prøvene frå London-OL analyserast, og i byrjinga av juni skal også B-prøvene frå OL både i 2008 og 2012 vere klare, opplyste IOC-president Thomas Bach i dag. Deretter vil dei som blir kjende skuldige, raskt få sine straffer.