FIS avlyser renn
Grunna snømangle og varme temperaturar har FIS bestemt seg for å avlysa kvinnenes slalåm og storslalåmrenn i tyske Ofterschwang. Renna var planlagt neste helg, 16. og 17. januar. Dei jobbar no med å få på plass ein annan bakke der renna kan bli arrangert. Sist det vart arrangert slalåmrenn i verdscupen tok Nina Løseth sin første verdscupsiger.