Materazzi til indisk fotball
Den tidlegare italienske landslagsspelaren Marco Materazzi er klar for Chennai i den nystarta indiske superligaen i fotball. Materazzi (41) skal vere spelande manager i klubben.
Materazzi er mest kjend for VM-finalen i 2006, der han først laga straffen som Zinedine Zedane sette i mål for Frankrike. Deretter vart han skalla ned av Zidane i ekstraomgangane.
Den indiske superligaen skal starte opp 12. oktober, og tidlegare har profilar som David Trezeguet, Rober Piers og Alessandro del Piero meldt overgang til klubbar i ligaen.