Chiellini: – I overkant strengt
Giorgio Chiellini, som vart biten av Luis Suarez i VM-kampen mot Uruguay, meiner Suarez' straff kanskje var i overkant streng. – Eg er ikkje sint på han, og har ingen ønskje om revansje, seier Chiellini. Luis Suarez er utstengd frå all fotball i fire månader, og han er også utestengd i ni landskampar.