OL-medaljør ute av dopingtrøbbel
Den britiske syklisten Lizzie Armistead får delta i dei olympiske leikar i Rio etter at ho vann anken mot det britiske antidopingforbundet i idrettens voldsgiftsrett (Cas). 27-åringen gjekk glipp av totalt tre dopingprøvar etter å ikkje ha oppgitt opphaldsstad, men Cas meinte dette i hovudsak ikkje var hennar feil. Armistead er ein av dei store favorittane i OL. Ho tok sølv i landevegssykkel i 2012, og gull i VM i 2015.