Hopp til innhold

-Den tøffaste løypa eg har køyrd

Aksel Lund Svindal seier han blei teken på senga og karakteriserer løypa i Garmisch-Partenkirchen som den vanskelegaste han har køyrd nokon gong.

Aksel Lund Svindal

Ein konsentrert Aksel Lund Svindal like etter målgang under utfor-treninga i Garmisch-Partenkirchen i dag.

Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters

Under utfortreninga i dag fekk han nest beste tid, over eitt sekund bak Christof Innerhofer. Men Aksel Lund Svindal droppa ein port. Hadde han ikkje gjort det, hadde nok differansen blitt dobla.

Defensiv Aksel Lund Svindal

NRK møtte ein defensiv Aksel Lund Svindal rett etter målgang i dag. Dei vanskeleg forholda kom overraskande på Svindal, og han ser mørkt på den store avstanden opp til Innerhofer.

– Eg fryktar ikkje løypa. Men eg fryktar at eg ikkje får køyrd like fort som Innerhofer. Eg droppa ein port og ligg likevel eit sekund bak Innerhofer.

– Eg har aldri høyrt deg så defensiv før?

– Eg likar ikkje å vere defensiv. Eg liker ikkje heilt at du seier det, for å vere ærleg. Men det er vanskeleg å stå her og late som, og å lure meg sjølv. Men hadde eg hatt eit forsøk til i dag, så hadde eg framleis ikkje klart å ta igjen Innerhofer.

– Berre Innerhofer som taklar dette

Aksel Lund Svindal seier at det ikkje er sjølve løypetraséen som er vanskeleg. Det er rett og slett det beinharde, humpete og isete underlaget. Han har aldri køyrd ei så vanskeleg løype som dette, og trur løypa favoriserer Innerhofer.

– Dette er den tøffaste utforløypa eg har køyrd nokon gong. Det var ekstremt vanskeleg. Det slår noko sinnsjukt. Det er ein mann som taklar denne løypa slik det ser ut no, og det er Innerhofer, seier Aksel Lund Svindal.

Video Aksel sliter i kritiske øyeblikk

Aksel Lund Svindal har hatt det litt vanskeleg i fleire renn i år.

– Blei tatt på senga

Det norske teamet har sjølvsagt studert løypa på førehand. Men det var eit heilt anna syn som møtte Aksel Lund Svindal då han skulle setje utfor under treninga. Det som først såg overkomeleg ut var rett og slett blitt ekstremt vanskeleg.

– Eg er overraska over at det skal vere så ekstremt. Då vi studerte løypa såg det overkomeleg ut. Det skulle gå an å angripe og å få med seg fart heile vegen. Men når vi kjem hit blir vi tekne på senga.

– Heldigvis var ikkje farta så høg

Farta under dagens utfortrening låg på omlag 110/120 kilometer i timen. Det berga på mange måtar Aksel Lund Svindal. Hadde farta kome opp i rundt 130 kilometer i timen, ville det bli omtrent umogleg å køyre og angripe aktivt, seier han.

– Dette er det tøffaste eg har køyrd. Heldigvis var ikkje farta så høg. Men når du ikkje har snøkontakt er det ikkje så mykje du kan gjere. Det ristar så fælt at du liksom ikkje har kontakt med underlaget.

Siste nytt

  • Børven skadd før serieåpningen

    Odd-spissen Torgeir Børven fikk en smell i lysken på trening skjærtorsdag og går trolig glipp av eliteseriestarten hjemme mot Haugesund, melder Varden.

    Børven var ikke å se på Odds treningsfelt fredag. Kampen mot Haugesund spilles 1. påskedag, og spissen har fortsatt en liten hevelse i lysken, skriver Varden.

    – Torgeir er ikke bra nok til å trene i dag. Men det er for tidlig å si hvor lang tid dette vil ta. Vi tar dag for dag. Torgeir gikk av i går for ikke å ta noen sjanser, sier trener Kenneth Dokken til avisen.

    (NTB)

    Portrett av Odds Torgeir Børven fotografert på Skagerak Arena
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Dobbel punktering for Solberg i Kenya

    Oliver Solberg havnet i ordentlig trøbbel under fredagens formiddagsøkt i Rally Kenya. Både på den tredje og den fjerde fartsprøven punkterte 22-åringen.

    Dermed er han mer enn sju minutter bak teten i det totale sammendraget, mens det opp til lederen i WRC2-klassen skiller rett i underkant av fire minutter.

    Etter solid kjøring på fredagens første fartsprøve gikk det galt tidlig på den andre. Et dekkskifte kostet 22-åringen nær to minutter.

    – Vi kjørte rent, men disse tingene kan skje når terrenget er så krevende, skrev Solberg på X.

    En drøy time senere punkterte Solberg og makkeren Elliott Edmondson igjen, og nesten fire nye minutter gikk tapt.

    – Fartsprøve nummer fire brakte med seg samme uflaks som den tredje. Vi har ikke marginene på vår side, men alt kan skje i dette rallyet. Herfra og ut er det fullt trykk på pedalen, skriver 22-åringen.

    (NTB)

    OU7SVdPdOTc
    Foto: AFP
  • Dimitrov feide Alcaraz ut av Miami Open

    Grigor Dimitrov sto for kvartfinalenes overraskelse da han slo førsteseedede Carlos Alcaraz i strake sett i Miami Open.

    Den 11.-seedede bulgareren vant 6-2, 6-4 og satte opp et semifinalemøte med den solide tyskeren Alexander Zverev.

    I den andre semifinalen skal Daniil Medvedev og Jannik Sinner opp mot hverandre.

    (NTB)

    YNP63FKdBtg
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal