Svindal: – Vi er i så god form at vi ikkje treng flaks for å vinne

Aksel Lund Svindal er favoritt i super-G i Val Gardena i formiddag og utforrennet i morgon.

Aksel Lund Svindal

OPTIMIST OG FAVORITT: Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud i lystig passiar i Val gardena. I går var dei rastast på trening i utforløypa, i dag skal dei konkurrere i super-G

Foto: Armando Trovati / Ap

– Vi er i så god form at vi ikkje treng å ha flaks for å kjempe i toppen. Vi må berre unngå å ha uflaks, seier Aksel Lund Svindal.

Han og Kjetil Jansrud er blant storfavorittane når alpinistane skal køyre super-G i italienske Val Gardena i dqag. Ikkje minst etter at dei hadde dei to beste tidene på utfortreninga torsdag.

Sjå super-G-rennet på NRK1 og nrk.no frå kl 12.10.

– Botnsolid lag

Svindal er sjølve storfavoritten. Han har vunne tre av fire fartsrenn i verdscupen denne sesongen. Men han meiner at heile laget er botnsolide.

– Det skuldast enkelt og greitt godt utstyr og bra køyring frå start til mål. Både eg, Kjetil og Alex (Alexander Aamodt Kile) har vore bra i alle parti av løypa, vi har vore gode på glid, og vi har vore bra når det har vore teknisk vanskeleg, og i både stor og liten fart, seier han optimistisk.

– Det er klart det kan bli stang ut, men det er iallfall ikkje flaks/uflaks-greier. Det kan bli gode norske dagar sjølv om vi ikkje vaknar opp og har skote gullfuglen kvar dag, seier Aksel Lund Svindal.

– Normalt at det går fort

Han har vore best på utfortreningane både onsdag og torsdag, og seier at det er viktig å vere langt framme også når det ikkje er konkurransar.

– Eg er her for å vinne, og då er det viktig å kjenne at det er normalt at det går fort. For skal du vere blant dei beste i verda, må normalt vere godt. Elles blir du langt bak. Og så blir det god stemning i laget når vi gjer det godt på trening, sa Svindal etter treningsomgangen torsdag.

– Det er der vi bør vere.

Verdscupen i Val Gardena byr på super-G i dag og utfor i morgon. Søndag er det storslalåm i Alta Badia.

Siste nytt

  • Dropper omstridt aldersgrense

    Linda Hofstad Helleland er innstilt som kandidat for å bli WADA-president, men har fått mye motgang allerede før valget. Den 5. november kom det et forslag fra den Afrikanske unionen om at en president må være 45 år, og ha mastergrad, noe Helleland ikke oppfyller. Mange tolket dette som et forsøk på å holde Helleland utenfor diskusjonen om å kunne bli president.

    Dopingjournalist i ARD, Nick Butler, forteller i kveld på Twitter at det forslaget ikke vil bli inkludert som et krav og at det blir avfeid som et tåpelig forslag.

    Laster Twitter-innhold
  • Sagosen vant «norsk duell»

    Sander Sagosen scoret tre mål da Paris Saint-Germain vant 27-20 borte mot Flensburg-Handewitt i mesterliga-gruppespillet i håndball. Gøran Søgard Johannessen, Magnus Jøndal og Torbjørn Bergerud var alle i aksjon for tyske Flensburg.

    Sander Sagosen
    Foto: Patrik Stollarz / AFP
  • Keita rekker Stabæks skjebnekamp

    Stabæk regner med å ha Aboubakar Keita klar til nedrykksduellen med Strømsgodset i siste serierunde 24. november ifølge Eurosport.

    Keita, som er innleid fra FC København, måtte sist søndag gå av banen med en vond ankel tidlig i andre omgang mot Odd.

    Eliteserien fotball 2018: Odd - Stabæk (0-3).
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal