Kina har gjort søknadsprosessen til ei nasjonsbygging, og gitt hovudstaden Beijing ei andletsløfting av dei heilt store. Byen har satsa nesten alt på siger.
EU-parlamentet sa for nokre dagar sidan at Beijing ikkje bør få arrangere OL. Observatørar meiner at det kan få følgjer i form av sterke og bitre kinesiske kjensler mot utanverda.
For åtte år sidan var Beijing også favoritt då arrangørbyen for OL 2000 skulle veljast. Men då vart dei slått med fattige tre røyster av Sydney i den avgjerande avrøystinga. Det vonbrotet var tungt å bere.
Det er 105 år siden dei første olympiske leikane, men Kina har aldri fått tildelt eit OL-arrangement.
- Derfor var det vår tur no, seier kinesarane.