Lewis meiner at arenaen i Holmenkollen bør bli ein mal for framtidige arrangørar av slike meisterskap.
Kva tykker du om ski-VM i Oslo? Var det ein så stor suksess at "meisterskapskonseptet er teke over i ein ny dimensjon"? Skriv meininga di i kommentarfeltet under artikkelen.
– Eit anlegg i verdsklasse
Toppleiinga i det internasjonale skiforbundet, FIS, er mektig imponert over gjennomføringa av VM i Oslo. Dei skryt av at nær 600 tusen menneske var tilstades på stadion og løypene under meisterskapen. Dei er fulle av lovord om eit anlegg i verdsklasse.
– Det er storslåtte tilhøve her. Heile strukturen her, med langrennsarena og hoppanlegg saman, og berre bakken i seg sjølv er jo dramatisk, seier Sarah Lewis.
– På eit nytt nivå
Lewis seier at den korte avstanden mellom langrennsstadion og hoppbakken gjer dette til eit eineståande anlegg. Og med den stemninga som var i Oslo under VM, har arrangementet kome opp på eit nytt nivå, seier ho.
– Arrangementet var sett eit nytt nivå, det er heilt sikkert, seier Lewis.
– Ein unik ski-festival
Også den øvste leiaren i FIS, Gian-Franco Kasper, meiner anlegget i Holmenkollen er perfekt for slike meisterskap.
– Denne meisterskapen har blitt ein unik ski-festival. Dei har teke eit stort steg framover innan ski-idretten, seier Kasper.